Siste fem Malakoffband er klare

Fem nye rockeband er no lagt til i Malakoff-programmet, og dermed er årets plakat komplett.

Full plakat: No er siste banda klare på årets plakat, og publikum kan vente seg nye, store opplevingar.  Foto: Ingebjørg Nisen Stokkenes

Nyhende

– For ein herleg plakat, konstaterer festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Kvelertak, Graveyard, The Needs, The New Death Cult og Romskip representerer ei breidde i rockesjangeren og kompletterer årets Malakofflineup.

– Vi er ekstremt opptatt av å gi publikum ekstra gode liveopplevingar, og booke eit program som skal ha hovudvekt på rock men samtidig ha noko for alle i alle aldrar og musikkpreferansar. Det meiner vi at vi til dei grader har klart i år, seier ein særs nøgd festivalsjef, og legg til: – Årets plakat gir retning for framtida til festivalen. Det er få små bygder som får besøk av Weezer, Bastille, Sigrid, Madrugada, Kvelertak, Bigbang, The Vaccines, Graveyard på ei helg, fortel Naustdal.