Avgjort etter åtte år

Ja til huskjøp i Selje

Heilt sidan 2011 har ein diskutert om kommunen skal kjøpe kommunehuset i Selje eller ikkje. No har fleirtalet i Selje kommunestyre sagt ja.

Selje kommunehus: Kommunestyret i Selje har no vedtatt at kommunehuset skal kjøpast.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Torsdag sette Selje kommunestyre sluttstrek og vedtok kjøp av kommunehuset i Selje. Eit stort fleirtal støtta kjøp. Sp og Frp ønskte ny takst, men forslaget fall mot fem røyster. No får rådmannen mynde til å forhandle fram kjøp av kommunehuset og tilhøyrande areal innanfor ei ramme på inntil 22,9 millionar kroner.