Ap er positiv til utbygging av vindkraft i Stad

– Vi ønskjer at mest mogeleg energi skal vere fornybar og er i utgangspunktet positive til vindkraft, men med måte. Det seier ordførarkandidat for Stad Ap, Siri Sandvik om framtidig vindkraftsatsing i Stad kommune.

ØKONOMISK VINST: – Når ein avgir naturressursar, så må ein få noko igjen, poengterer Ap-politikar Siri Sandvik. Ho tykkjer det er litt flott med ein vindmøllepark som Mehuken ved Kråkenes.  Foto: Anna Wuttudal

Personleg tykkjer eg at det er litt flott med ein vindmøllepark

Nyhende

Stad Ap er positivt innstilt til utbygging av vindkraft i moderat skala der det ligg godt til rette for dette og dersom det ikkje er i vesentleg konflikt med andre interesser. Her må ein vege fordelar og ulemper opp mot kvarandre.


– Personleg tykkjer eg at det er litt flott med ein vindmøllepark, seier Ap-politikaren. Ho viser til utbygginga i Mehuken i Vågsøy, som ho meiner er innanfor det som kan vere greitt. I Selje er det gitt ein konsesjon, og også her er det snakk om moderat utbygging.

Storskala til havs

Listetopp Siri Sandvik er klar på at Stad Ap er open for å ta i bruk dei mogelegheitene for utbygging av fornybar energi som finst i vårt område. Dette gjeld både vindkraft og bølgjekraft. Ho peikar på at Ap sentralt har sagt at dei ønskjer utbygging av ny vindkraftenergi også på land, men i større skala hovudsakleg til havs der slik utbygging er mindre kontroversielt. Ein ser føre seg å utnytte offshoreteknologien i denne samanheng.

Ikkje vetorett

Siri Sandvik har nyleg vore med på Ap sitt landsmøte der mellom anna vindkraft var tema og der stemmer tok til orde for at kommunane skal kunne ha vetorett når det gjeld utbygging eller ikkje, men dette gjekk ikkje igjennom. Ap sin politikk på dette området er at kommunane sitt syn skal vektast tungt, men dei skal altså ikkje ha vetorett.

– Må få noko igjen

Vestland Ap har i ein uttalte sagt at det må lagast tilsvarande ordningar for vindkraft som det ein har for vasskraft når det gjeld å generere inntekter til kommunane.

– Når ein avgir naturressursar, så må ein få noko igjen, poengterer Ap-politikar Siri Sandvik.