Skule-NM i helsefag

Vart norgesmeistrar

Oline Challen og Iselin Husevåg vart norgesmeistrar i Helsefag under skule-NM som vart arrangert 8.–9. april.

Noregsmeistrar: Iselin Husevåg (t.v.) frå Måløy og Oline Challen (t.h) frå Nordfjordeid vart norgesmeistrar i helsefag.   Foto: privat

På Pallen: Iselin Husevåg (t.v.) og Oline Challen (t.h.) på pallen med medaljar under skule-NM.  Foto: Privat

Nyhende

Oline Challen, frå Nordfjordeid og Iselin Husevåg, frå Måløy, går begge to i helsefag ved Måløy vidaregåande skule. Tidlegare i vinter gjekk dei til topps i fylkesmeisterskapen i helsefag, og vart med det kvalifisert til NM. Måndag og tysdag denne veka var det endeleg klart for norgesmeisterskapen i skule-NM som vart arrangert på Drømtorp vidaregåande skule i Ski. Der gjekk dei heilt til topps og slo 14 fylke frå heile landet. Dette var Måløy vidaregåande skule sin andre NM-tittel i skule-NM på under ei veke ettersom det også vart siger i kokkefaget.

– Det er så urealistisk at vi er norgesmeistrar. Eg trur ikkje det har gått opp for meg heilt enno, seier Oline.

Konkurransen

Oline fortel at ho og Iselin har jobba og førebudd seg lenge til NM. Heilt sidan dei to vann fylkesmeisterskapen i helsefag har dei vore klar over at dei skulle delta i NM, og då dei fekk sjølve oppgåva heilt i starten av april vart dei ekstra skjerpa. Då NM starta måndag var det først klart for ein individuell teoretisk test, før dei skulle gjennom ei praktisk oppgåve i par tysdag. Dei sat i karantene utan mobil og lærebøker fram til det vart deira tur. Under sjølve oppgåva fekk dei rundt 25 minutt på seg og måtte jobbe saman med profesjonelle skodespelarar dei aldri hadde møtt før.

– Dei 25 minutta var ikkje lenge i det heile, fortel Oline.

Overraska

Då skule-NM i helsefag starta måndag hadde verken Oline eller Iselin forventningar om noko gullmedalje og norgesmeistertittel.

– Vi hadde gått inn med innstillinga om at vi var fornøgd med å berre delta og fullføre. Akkurat då dei las opp andre- og tredjeplassen, tenkte vi at det berre var å reise heim. Då vi vart lest opp som vinnarar stod vi og såg på kvarandre. Eg trur ikkje eg har blitt så overraska før, fortel Oline, som legg til at det var jamt i toppen. Det var nemleg berre sju poeng som skilde første- og tredjeplassen. Elevar frå Østfold og Buskerud vart nummer to og tre.

Stort

Sjølv om det var noko uventa å bli kåra som norgesmeistrar i helsefag, har deltakinga og sigeren vore lærerik og veldig kjekk.

– Vi har pusha oss sjølv for å få det til, men det har vore veldig kjekt å delta, seier Oline som saman med Iselin fekk både medalje og pokal for sigeren.

– Størst av alt er at vi har tittelen norgesmeistrar og har det på CV-en vår, fortel Oline.