Unik stove i nasjonalromantisk stil

Sperrestova i naustdalstunet må vel vere ei av dei staselegaste stovene på lang lei. Eigaren, Pål Amund Naustdal, har lagt ned eit stort arbeid med å ta vare på stova og restaurere huset.

HOVUDVEGGEN: Med familieportrett, bibelsitat og religiøse tekstar. Lysekruna er laga av Hjalmar og Einar Dispen. Sperrestova er no til dags ikkje i dagleg bruk, med nytta til feiring av runde fødselsdagar i familien og liknande. Eid Sogelag hadde elles årsmøte her nyleg.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

Besteforeldra ville at lokale handverkarar skulle byggje og utruste det nye huset.

Nyhende

Det var bestefaren, Paal Naustdal (1890-1959), som fekk bygd huset i 1930. Fullt ferdig med rosemåling og nye møblar var huset i 1935. Året etter, i 1936, blei han gift med Alma Katinka Moltu. Dei hadde blitt kjende med kvarandre på cruise med ein Brandbåt. AS Brand Båtane i Sykkylven var rusta ut for å drive kristeleg ungdomsarbeid, og var og nytta som turistbåtar.