Holmøyskarrennet

Satsar på palmesøndag

Det har vore spennande tider for arrangørane av det tradisjonsrike Holmøyskarrennet.

Arrangørane satsar på å gjennomføre Holmøyskarrennet palmesøndag.   Foto: Privat

Nyhende

Påska er sein i år, og snøen har regna vekk for så å lave ned på nytt. – Siste veka har det av alle ting vore sola og godvêret som har vore utfordringa, seier rennleiar Bodil Rand. No melder likevel løypesjef Anders Bergset om fine forhold i fjellet, og arrangørane satsar difor på å gjennomføre rennet palmesøndag.