Gutta på tur testa påskesnøen

Klare for påske på Harpefossen

På Harpefossen skisenter vil dei strekkje seg langt for å halde opne heisar og nedfartar i påska.

I går var Gutta på tur på Steineggja i samband med at dei lagar program frå Nordfjord som skal visast på TV til hausten.  Foto: Harpefossen skisenter

Arne Hjeltnes & co var heldige med vêret.   Foto: Harpefossen skisenter

  Foto: Harpefossen skisenter

Nyhende

– Påska kjem uvanlig seint i år, og på Harpefossen har vi bak oss ein vinter med svært beskjedne mengder natursnø både i låglandet og i høgfjellet. Dette betyr at vi må utnytte det vi har av kunstsnø og det som er igjen av natursnø på beste måte.

– På den positive sida noterer vi oss at det blir varsla høgtrykk og sol så langt varsla rekk, og vi vil strekke oss så langt vi kan for å halde opne dei heisar og nedfartar som det er mulig så lenge det går. Det skriv Jarle Åsebø i ei pressemelding frå Harpefossen skisenter. Han fortel at dei har planlagt ei rekkje aktivitetar og arrangement på Harpefossen denne påska. Det skal mellom anna vere Water-Splash i parken nede på Harpefossen påskeafta med premiering for beste kostyme.

Nokre av dei planlagde aktivitetane er meir eller mindre avhengige av ver- og snøforhold.