Fjording kåra til verdas beste kremlikør

Dobbel gullmedalje til Øyvind Løkling

Berre vel eitt år etter Fjording blei lansert på marknaden, opplever gründer Øyvind Løkling at kremlikøren vinn tittelen Double Gold i den svært anerkjende San Francisco World Spirits Competition – verdas mest prestisjefylte konkurranse i sitt slag.

Øyvind Løkling frå Haugen i Eid har forska og prøvd seg fram med kremlikøren Fjording. No er det blitt belønna med dobbel gullmedalje, eller ein av verdas beste kremlikørar.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Med dette har eit einstemmig dommarpanel vurdert nykommarenm Fjording som ein av verdas aller beste kremlikørar.

- Eg har heile tiden sjølv meint at eg lagar verdas beste kremlikør, men no meinar tydelegvis dommarane det same, sier Øyvind Løkling frå Haugen i Eid kommune.

San Francisco World Spirits Competition blir rekna for å vere den viktigste og mest respekterte brennevinskonkurransen i verda, og aldri har deltakinga vore større enn i år. Over 3000 innsende bidrag er blitt vurdert, og den norske kremlikøren Fjording blei belønnet med såkalt Double Gold, ein sjeldan høg utmerking i konkurransen.

Det betyr at alle dommarane i ekspertpanelet har gitt den norske kremlikøren gullmedalje, og at den blir rekna for å vere mellom verdas aller beste i sitt slag.

Gründeren fekk idéen til Fjording for 15 år siden. Nordfjordingen undra seg over kvifor det ikkje eksisterte ein norsk kremlikør, all den tid vi har overproduksjon av mjølk og rikeleg tilgang på potetsprit – og dermed unike sjansar til å lage kremlikør av høgaste kvalitet. Han venta på at etablerte aktører skulle gripe sjansen. 

- Men ingenting skjedde. Til slutt tenkte eg at eg måtte gjere det sjølv.