Camilla Rivedal, leiar i Ungdomspolitisk utval i fylket:

Kommunane er mest lydhøyre

– Vårt klare inntrykk etter to år i Ungdomspolitisk utval, er at kommunane er meir lydhøyre for det ungdomane kjem med enn kva fylkeskommunen er.

Med hjarte for Eid: Eskil Starheim og Daniel Navelsaker demonstrerte tydeleg at dei har eit hjarte både for Sogn og Fjordane og kommunen dei kjem frå, Eid.  Foto: Tormod Flatebø

UPU: Thor Albrektsen og Camilla Rivedal, begge med i Ungdomspolitisk Utval i Sogn og Fjordane.  Foto: Tormod Flatebø

Fylkesting fort Ungdom: Fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane vart halde på Skei i Jølster denne helga. Alle foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det var svaret Fjordabladet fekk frå Camilla Rivedal, som gjekk av som leiar i Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane under Fylkesting for ungdom på Skei denne helga.


Talerøyr

–Vår oppgåve i Ungdomspolitisk utval er å vere eit talerøyr for ungdom i fylket, og ta opp saker som er viktige for barn og ungdom. Det heiter at kommunar skal drøfte saker som vedkjem ungdom med ungdomen før vedtak vert gjort. I utgangspunktet vedkjem dei aller fleste saksområde ungdom. Ut frå tilbakemeldingar vi får, og ut frå eigne erfaringar, så er kommunane langt meir lydhøyre overfor ungdomane sine synspunkt enn det fylkeskommunen er, sa Camilla som nemnde «Produksjonsskule» som ei viktig sak dei har jobba med.

Tilbod for alle

–Vi opplever at det er ein del elevar som droppar ut av det ordinære vidaregåande opplæringstilbodet. Det kan det vere ulike årsaker til, men ein grunn kan vere at dei fleste opplæringstilboda er svært teoretiske. Det ligg vel litt i namnet at produksjonsskule er ein skule der praktiske ting står i sentrum. I dag er det ein slik skule i Bergen, det einaste tilbodet i landet. Vårt håp er at det skal bli fleire slike tilbod, seier Camilla som det siste året saman med resten av Ungdomspolitisk utval i fylket har jobba mot ei samanslåing av tilsvarande utval i Hordaland.

Samarbeid

–Korleis ser det på samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland? Fryktar de at Sogn og Fjordane får mindre å seie?

–I utgangspunktet er vi positive til Vestland. Vi fryktar ikkje at Sogn og Fjordane skal drukne i det nye storfylket. Når det er sagt, så ligg det ein stor jobb framføre dei som blir valde inn i Ungdomspolitisk utval i det nye fylket. Ein viktig eigenskap i den samanheng er gode samarbeidsevner. Etter mitt syn er det gode kvalitetar både i vårt fylke og i nabofylket i sør, seier Camilla Rivedal.

Hente inspirasjon

To av deltakarane på Fylkesting for ungdom var Daniel Navelsaker og Eskil Starheim, begge medlemmer av Ungdomsrådet i Eid kommune.

–Det var Ståle Sandal, lærar ved Eid Ungdomsskule og aktiv kommunepolitikar i Eid, som tipsa oss om denne samlinga. Vi reiste hit av to grunnar. Sjølvsagt for å snakke om dei sakene som vi er opptekne av, men også for å lytte til det andre ungdomar i fylket er opptekne av.

–Om vi startar med saker det første, Kva saker kjem de til å ta opp?

–Vi ønskjer blant anna å reise ein diskusjon om karaktergrunnlaget innan kunst og handverk. Der vi ønskjer at det blir lagt meir vekt på engasjement og involvering, enn sjølve resultatet. Som eit døme kan eg nemne at ein elev kan lage eit meisterverk i teikning i løpet av ein halvtime, medan andre kanskje brukar fem timar på å få til noko som nødvendigvis ikkje er eit meisterverk. Men innsatsen har kanskje vore langt meir omfattande, seier Eskil Starheim.

–I tillegg til diskusjon rundt karaktergrunnlaget, vil vi også prøve å reise ein diskusjon rundt satsing på dei mindre idrettane, som på mange måtar blir stemoderleg behandla.

–Kva idrettar er det vi snakkar om?

–Sykkelsport, basketball og ishockey mellom fleire. Etter at Nordfjordrittet vart avvikla, er det i dag nesten ikkje eit einaste sykkelritt i fylket. Basketball og ishockey er meir eller mindre fråverande. Når kommunar og andre tek i mot gåver frå til dømes bankar, håper vi at noko av midlane kna nyttast til litt meir perifere idrettar, seier dei to representantane frå Eid.