Finn-Erix klar for Malakoff

Laurdag står fenomenet Finn-Erix på scena under Malakoff.

Finn-Erix er klar for Malakoff.   Foto: Arkiv

Nyhende

Finn-Erix som består av Odd-Erik Lothe (Stoveorgel), Halvor Folgerø (fagott) og Finn Tokvam (Refrengsong og rytme-egg), har underhalde publikum i nesten 20 år. Tysdag vart det klart at dei kjem til Malakoff og tek med seg velour, basarårar og lokale og regionale basarmusikarar.

– Vi har skumle planar om å  dele ut ei gratis åre til alle som spaserer gjennom inngangen før konserten tek til, fortel Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding

– I tillegg sel vi ekstraårar til inntekt for ei veldedig sak. Alle kan vinne fantastiske premiar og til og med ei fruktkorg som ingen har sett makan til, fortel Naustdal vidare.

Dei siste dagane har Malakoff hatt fleire artistslepp. Søndag vart Svelekameratane klar, medan det britiske rockebandet The Vaccines vart klar måndag.

Aristar og band som også er klare er Bastille, Weezer, Sigrid, Madrugada, Bigbang, Highasakite, Ruben, Danko Jones, Slaves, Myrkur, the Dogs, Fay Wildhagen, Girl in red, Blomst, Djerv, Brenn, Attan, Combos og Kriminell Kunst.