Kjølsdalen-ulykka

Bilføraren hadde amfetamin i blodet

Bilføraren som køyrde ned og drap to kvinner i Kjølsdalen i romjula hadde det narkotiske stoffet amfetamin i blodet.

Det var på denne gangvegen to kvinner vart påkøyrde og drepne i romjula i fjor. Det blir no gjort kjent at bilføraren, som er sikta for aktlaust drap og køyring i ruspåverka tilstand, var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam. klonazepam.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det melder NRK Sogn og Fjordane og viser til ei rettsavgjerd frå Sogn og Fjordane tingrett, der retten har bestemt at mannen i 50-åra ikkje får tilbake førarkortet.

–I rettsdokumenta blir det vist til at føraren var påverka av amfetamin og det roande stoffet klonazepam då ulukka skjedde.

Mannen er sikta for aktlaust drap etter at to kvinner omkom, då dei vart påkøyrde på gangvegen i Kjølsdalen i romjula i fjor. Siktinga blei for ei tid tilbake utvida til å også gjelde køyring i ruspåverka tilstand.