Eid helsestasjon har fått nye brystpumper

– Vi er veldig fornøgde

Med støtte frå Nordfjordeid Sanitetsforening har Eid helsestasjon fått tre nye brystpumper.

Glade: Eid Helsestasjon er svært glade for dei nye brystpumpene dei har fått av Nordfjordeid Sanitetsforening. Frå venstre: Britt Tomasgard, Grethe Totland, Liv Stokkenes Jacobsen, Aslaug Berg, Berit Kragseth, Liv Øverland, Kirsten Solheim, Linda Gotteberg og Mari Solheim.   Foto: Olin Maria Yri

Dei er gode hjelpemiddel og det er viktig at dei er der.

Tre brystpumper: Slik ser dei nye brystpumpene, som Eid Helsestasjon no har fått, ut.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Eid helsestasjon har ikkje hatt brystpumper til utlån på eit par år. Tidlegare i år sende difor helsestasjonen eit brev til Nordfjordeid Sanitetsforening med spørsmål om støtte til innkjøp av nye brystpumper.

– Vi søkte ettersom det er ein stor kostnad. Saniteten jobbar for kvinnehelse og barn. I tillegg har saniteten stått for brystpumpene på helsestasjonen, fortel Britt Tomasgard og Linda Gotteberg og legg til at mykje av det som er på helsestasjonen i dag, som mellom andre fleire møblar, er frå Nordfjordeid Sanitetsforening.

Støtte fekk helsestasjonen frå sanitetsforeininga, som slo til med tre brystpumper.

– Vi tykkjer helsestasjonen er kjempeviktig, og vi sette pris på den. Helsestasjonen gjer ein viktig jobb for mor, barn og unge. Vi ønskjer lykke til med pumpene. Dei er gode hjelpemiddel og det er viktig at dei er der, seier Liv Stokkenes Jacobsen, i sanitetsforeininga.

Fornøgde

Dei tre nye brystpumpene Eid helsestasjon no har fått vert stort sett berre selt til sjukehus og helsestasjonar, ifølgje Tomasgard. Pumpene har også utvikla seg ein god del dei siste åra, og ifølgje Tomasgard og Gotteberg er det topp med tre heilt nye pumper.

– Vi er veldig fornøgde med tre brystpumper. Ei pumpe hadde vore fint, to hadde vore supert, men tre er heilt topp, seier Tomasgard.

– Saniteten er gode ambassadørar for små barn, legg Gotteberg til.

God hjelp i starten

Brystpumper kan brukast til å pumpe ut og auke produksjonen av morsmjølk. I tillegg kan dei også avlaste ved sår og betennelse.

– Det er ikkje noko ein helsestasjon må ha, men det er eit fint tilbod. Brystpumper kan vere ei god hjelp i starten slik at ein får opp produksjonen, ved sugesvake barn eller ved sår og betennelse, seier Tomasgard.

Dei tre pumpene som helsestasjonen no har fått, kan lånast ut ved behov.

– Målet er at dei som treng brystpumpe, skal få bruke dei, forklarer Gotteberg og Tomasgard.