Venke Noreide:

– Nulltoleranse for mobbing og netthets

– Hovudbodskapen min både til dokke og omverda er at det er viktig å stå på for sakene som de ungdommane har trua på – både i Ungdomspolitisk utval og i Fylkesting for ungdom.

Ombod: Venke Noreide er elev- og lærlingombod og mobbeombod for elevar i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det sa Venke Noreide, som er er elev- og lærlingombod og mobbeombod for alle elevar i vidaregåande og for alle lærlingane, då ho informerte Fylkesting for ungdom om ombodsordningane i Sogn og Fjordane.


Camilla Rivedal, leiar i Ungdomspolitisk utval i fylket:

Kommunane er mest lydhøyre

 

–Å ta dei sakene som ungdom er engasjerte i og jobbar med, er elev- og ungdomsmedverknad i praksis. Det er slik at den som har skoen på veit kor den trykkjer. Når ungdom blir spurt om råd i saker som vedkjem ungdom er det viktig at dei som spør tek svaret dei får på alvor, sa Venke Noreide som også var oppteken av at ungdom engasjerte deg når ein no slår saman Sogn og Fjordane og Hordaland i eitt nytt storfylke.

Vestland

–I desse dagar er det viktig at de tenkjer framtidsretta og er ekstra frampå når vi skal inn i Vestland fylke. Her er det viktig at vi gjer oss gjeldande i ulike saker. Meir viktig enn tidlegare er det kanskje at ungdom i Sogn og Fjordane er med å sette dagsorden, sa Noreide som oppmoda ungdomane til å ta vare på kvarandre og vise kvarandre respekt.

–Hugs på at vi har nulltoleranse mot mobbing – og netthets. Ikkje nøl med å ta kontakt med oss omboda – vår jobb er å støtte dykk og svare på spørsmål de måtte ha.

Tormod Flatebø