Solistlaget til operaen Hans og Grete er klart

Opera Nordfjord set til hausten opp operaen Hans og Grete. Dei seks solistane er no klare.

Svenske Marika Schultze skal ha hovudrolle som Hans i operaen Hans og Grete som Opera Nordfjord set opp til hausten.   Foto: Pressefoto

Vibeke Kristensen har gjesta Opera Nordfjord frå før i Flaggermusen, Tryllefløyten og Jegerbruden. Til hausten kjem ho tilbake i ei hovudrolle som Grete i haustens oppsetjing. 

Siv Hagerupsen har fått rolla som Mora, Gertrud. 

Trond Halstein Moe skal synge og spele i rolla som Faren, Peter. 

Den svenske tenoren David Fielder skal ha rolla som Heksa. 

Sopranen Elisabeth Gimmestad frå Sandane skal ha to roller, Duggféen og Jon Blund. 

Nyhende

Det har vore ein draum i mange år for Opera Nordfjord å setje opp operaen Hans og Grete av Engelbert Humperdinck.

Til hausten skal Opera Nordfjord fortelje det kjende eventyret av Brødrene Grimm, tonesett av storslagen, vakker musikk, wagnersk i tonespråket. Solistlaget er no klart, ei blanding av veletablerte solistar med ei lang merittliste bak seg og nyutdanna songarar, som er i starten av operakarrieren.

Hans vert sunge av svenske Marika Schultze, som i vår vert uteksaminert frå operahøgskolen i Oslo.

Vibeke Kristensen, kjend for vårt publikum frå Flaggermusen, Tryllefløyten og Jegerbruden, skal synge rolla som Grete.

Trond Halstein Moe, som har eit heilt arbeidsliv frå Den Norske Opera & Ballett bak seg, skal tolke rolla som Faren (Peter). Han har tidlegare gjort roller for Opera Nordfjord  i Madama Butterfly, Opera i Kyrkja og Hoffmanns Eventyr.

Siv Hagerupsen har gjesta Opera Nordfjord ved fleire høve, både i Figaros Bryllup, Eugene Onegin, Maskeballet og Hoffmanns Eventyr og skal synge rolla som Mora (Gertrud).

Heksa vert spelt av den svenske tenoren David Fielder, som gjestar Opera Nordfjord for aller første gong.

Det er ei ekstra stor glede å presentere ein av «våre eigne» songarar, nemleg sopranen Elisabeth Gimmestad, som kjem frå Sandane. Ho har Master i song frå Norges Musikkhøgskole og gjorde rolla som Ida i Flaggermusen for Opera Nordfjord i 2013. I Hans og Grete skal ho synge to roller: Duggféen og Jon Blund.


Det kunstnariske teamet er allereie i gong med planlegging av regi, scenografi, kostyme, lyssetting og maskearbeid. Amerikanske Jeff Pedersen, busett i Stongfjorden i Sunnfjord, skal ha regien, og han gler seg til å gjere sin aller første opera.

Åse Hegrenes er kjend for Opera Nordfjord frå både Flaggermusen og Sildagapet og skal ha ansvar for både scenografi og kostymedesign. 

Candice Bredesen skal ha koreografiansvar for den kjende ballettscena, og Michael Pavelich har som vanleg det musikalske ansvaret.

Marianne Wedseth skal ha lysdesign og har ei lang og aktiv karriere bak seg frå mange profesjonelle teaterscener.

Ingunn Schumann Mosand er tilbake som maskør etter La Bohéme.


I år er det aller første gong at det faste operakoret ikkje får vere med, sidan det kun er born og unge med i både balletten og koret. Det vert valt ut songarar og dansarar frå det lokale song- og dansemiljøet, og øvingane startar i mai-juni.

Sjølv om Hans og Grete er basert på det kjende eventyret som vi alle las som born, er det ein «vaksen», fullscenisk opera, som passar både for det tradisjonelle operapublikumet og for  born og unge frå skulealder og oppover. Premieren er onsdag 2. oktober, og det vert spelt i alt 8 framsyningar, med siste framsyning laurdag 12. oktober.  Billettsalet er allereie i gong.