Deltok i drillkonkurranse i Molde

– Flott tur både sportsleg og sosialt

1.PLASS I DRILLDANS TROPP JUNIOR 3.DIVISJON: Frå venstre Ina Breidablikk, Lilly Torheim, Aurora Starheimsvik, Cecilie Navelsaker, Sarah Torheim Frislid og Linnea Lillestøl.   Foto: Privat

DYKTIG DRILLAR: I helga var Nordfjordeid skulekorps drill med i drillkonkurranse i Molde der Sarah Torheim Frislid fekk 3. plass i one baton junior beginner.   Foto: Privat

DRILLTROPP MED VIKINGTEMA: Frå venstre: Kaisa Flaten Brekke, Anna Munch Oen, Ragnhild Karlsen, Aurora Solheim og Mathea Myrold Haavik.   Foto: Privat

MED SOLO FOR FØRSTE GONG: Frå venstre: Angelica Giskemo, Kaisa Flaten Brekke, Anna Munch Oen, Mathea Myrold Haavik og Amalie Jensen Årøen.   Foto: Privat

Nyhende

Midtnorsk mesterskap i drill gjekk i år av stabelen helga 6 og 7 april i Molde. 221 deltakarar frå 22 korps fordelt på 228 startnummer var i år med, deriblant drilltropp frå Nordfjordeid skulekorps.

Nordfjordeid skulekorps reiste nordover med 13 deltakarar og deltok i ulike sjangrar: drilldans solo preteen beginner, drilldans solo preteen Intermediate, drilldans solo junior intermediate, drilldans tropp preteen, drilldans solo junior beginner, one baton junior beginner og drilldans tropp junior 3 divisjon. Leiar for drillen i Nordfjordeid skulekorps, Anett Munch Oen fortel at fem av drillarane deira var med på solonummer for første gong. Drilljentene er i aldersgruppa 10 år til snart 17 år.

– Trenarar og utøvarar var godt fornøgde med eigen innsats i ein konkurranse med høgt nivå. Ein flott tur både sportsleg og sosialt, fortel Oen.

– Ekstra kjekt at vi fekk med oss nokre medaljar heim med 1. plass i drilldans tropp junior 3. divisjon (Ina Breidablikk, Lilly Torheim, Linnea Stokke Lillestøl, Cecilie Navelsaker, Sarah Torheim Frislid, Aurora Starheimsvik) og 3. plass i one baton junior beginner (Sarah Torheim Frislid).

Ei av drilldansegruppene har vikingsom tema og skal opptre under opninga av Sagastad.

Til hausten har drillen nytt opptak av aspirantdrillarar, og Anett Munch Oen håpar fleire vil vere med på laget.

Trenarar for drillen er Thea Maria Hamre (hovudtrenar) og Karoline Navekvien.