Nordbygda spel- og dansarlag arrangerer

Vestlandskappleik

Helga 18.–19. oktober vil Nordbygda spel- og dansarlag arrangere Vestlandskappleik i Operahuset Nordfjord.

Nordbygda spel- og dansarlag er flittige med dans på fylkeskappleikar. Til hausten vil dei vere vertskap når deltakarar innan spel og dans frå heile Vestlandet og Møre og Romsdal kjem til Nordfjordeid. foto: arkiv 

om kvelden kan også publikum vere med å svinge seg i dansen

Felespelar Britt Pernille Frøholm frå Hornindal skal ha konsert under Vestlandskappleiken på Eid. 

Nyhende

Vestlandskappleiken vert arrangert eine året i Hordaland og det neste året i Sogn og Fjordane, og er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Her står tradisjonsmusikken i høgsetet, og det er ein møteplass der ein først og fremst kan dra ord og tonar fram i lyset-eit lite rim som kanskje nesten var gløymt, eller kjende slåttar som er i flittig bruk.

Ope for alle

Dessutan kappast ein om å gjere det best mogleg, så det vert mykje godt program. Og om kvelden kan også publikum vere med og svinge seg i dansen

I år går Vestlandskappleiken av stabelen 18.–19. oktober på Nordfjordeid med Nordbygda -Spel og -Dansarlag som arrangør.


Heile kappleiken vil gå føre seg i det flotte Operahuset vårt. Det blir to dagar fylt med mykje dans, song og spel, med tevlingar for både juniorar og seniorar.

Vi kjem til å ha open kafe der både deltakarar og publikum kan kose seg med kaker, kaffi og middag. Vi håpar på stor deltaking frå alle fylka.

Konsert med Britt Pernille

Eitt av høgdepunkta vert konsert med Britt Pernille Frøholm, folkemusikar frå Hornindal.

Vi håpar på at bygdefolket stiller opp både som deltakarar, publikum og kanskje nokon kan tenke seg å gjere litt dugnadsarbeid.