Trafikkulykke på Skredestranda

Søndag like før klokka 12.30 fekk politiet melding om at det hadde vore ei trafikkulykke på E39 på Skredestranda i Eid kommune.

Det var store materielle skader på bilen etter samanstøyten med steinen.   Foto: Tormod Flatebø

Eid Brannvern var raskt på staden. Bilen vart skumlagt for å sikre at det ikkje tok fyr i køyretøyet etter samanstøyten.  

Det var ein heller stor stein bilføraren sneia borti.  

I den korte tida vegen var stengd samla det seg store køar i begge retningar.   Foto: Tormod Flatebø

Vegn var stengd ein times tid etter utforkøyringa på Skredestranda søndag.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Det er ein bil, med ein person i bilen, som har kome utfor asfaltkanten og sneia borti ein stor stein. Etter samanstøyten med steinen  har bilen blitt rulla rundt på taket og hamna i autovernet i motsett køyrbane, seier innsatsleiar Lasse Trosdahl.

Ifølgje innsatsleiar Trosdahl, vart føraren av bilen  køyrt til Førde sentralsjukehus for undersøking.

– Førar verkar uskadd, men det er såpass stor energi involvert at vi må få han undersøkt, seier Trosdahl som legg til at føraren har fått førarkortet førebels inndrege, og at det rutinemessig har blir tatt blodprøve av føraren.  

E39 var stengt ein liten time, og det samla seg store køar i begge retningar. Vegne er no opna for ordinær trafikk.