Svelene kjem tilbake

Svelekameratane kjem tilbake til Malakoff i sommar, etter eit par år med pause frå festivalen.

Svelekameratane er tilbake på Malakoff i sommar. Her frå ein konsert i gymmen tidlegare i vinter.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Søndag kunne Malakoff røpe at det lokale bandet Svelekameratane endeleg kjem tilbake til Malakoff. Dei tek med seg gamle hittar, nylaga musikk og live svelesteiking på scena. Ifølgje Malakoff skal Svelene spele opningskonserten på Malakoff19. Svelene har hits som Kjenne på livet, Homle i underbrokja og Stein.