Miljøveka 2019

Flyttar undervisninga ut

Komande veke er det klart for miljøveka på Stadlandet skule. Då vert undervisninga flytta ut i naturen og elevane skal vere med å rydde opp i marin forsøpling langs kystlinja.

Miljøveke: Komande veke er det klart for miljøveke på Stadlandet skule der 1.–10. klasse skal delta. I fjor vart det arrangert for første gong, og då fann dei så mykje plast og avfall at dei ikkje vart ferdige på tre dagar.   Foto: Privat

Det er dette med å ta meir fornuftige val innanfor forbruk.

Mykje sko: I fjor var det spesielt mykje sko som vart funne i strandkanten. I tillegg plukka elevane plast og anna avfall i løpet av tre dagar.  Foto: Privat

For andre gong: I år arrangerer Stadlandet skule miljøveke for andre år på rad, og ifølgje rådgjevar Siv Tonje Otneim håper skulen at det skal vere haldningsskapande og bevisstgjere elvane.  Foto: Privat

Nyhende

Miljøveka på Stadlandet skule vart arrangert før første gong i fjor. Skulen vart kontakta av Gry Hansen som ville gjere noko med forsøplinga, og saman samarbeida dei om å utvikle miljøveka. 8.–12. april arrangerer Stadlandet skule miljøveka for andre år på rad for første til tiande klasse. I år har dei vidareutvikla prosjektet, og nytt av året er at elevbedrifta Miljøveke 2019 EB driftar det.

– Vi har gjort det litt annleis i år, og vidareutvikla miljøprosjektet. I år vert det drifta av ei elevbedrift, og så har vi i tillegg søkt om midlar, som vi har fått. Elevbedrifta har jobba inn mot det å starte ei elevbedrift, og gjennomføre dette prosjektet, seier Siv Tonje Otneim, rådgjevar ved Stadlandet skule og legg til at det er mykje jobb som vert lagt ned.

Haldningsskapande

I år som i fjor vert undervisninga flytta ut i naturen under miljøveka. Måndag til onsdag skal elevane ved Stadlandet skule vere ute i felten. Torsdag skal dei ha ein fagdag, medan fredag vert det ein miljødag der også Selje ungdomsskule er invitert.

– Miljøveka er haldningsskapande og skal bidra til å lære dei unge til å bli nullutsleppsgenerasjonar. I tillegg til at elevane skal lære om miljøproblematikken. Miljøveka er difor litt delt, det er ein aksjon samtidig som vi skal ha fokus på haldningane våre.

– Det er dette med å ta meir fornuftige val innanfor forbruk. Når vi ryddar i stranda og finn plast, så er det knytt til vårt eige forbruk, seier Otneim som legg til at det er ein tankevekkar for mange av elevane når dei sjølv må plukke opp plasten.

Påverke andre generasjonar

Ved å lære opp barn og unge i å ta meir berekraftige val, så håper Otneim og Stadlandet skule at det skal påverke dei eldre generasjonane også.

– Dei eldre generasjonane er ikkje miljøverstingane, men dette kan vere ein fin ting. Vi håper at det skal ha noko for seg. Vi merkar at ungdomane er meir bevisste på at om dei ser avfall i fjæra, så plukkar dei det opp og tek det med seg. Ein får litt andre haldningar, fortel rådgjevaren ved skulen.

Mykje sko og plast

Under miljøveka i fjor plukka elevane ved Stadlandet skule to tonn med plastavfall i tillegg til annan avfall. Otneim fortel at det var mykje å rydde, og det var enorme mengder med mellom andre plast, sko og maritimt avfall. Dei fann også eit GoPro kamera, og klarte å spore opp eigaren av det.

– I fjor klarte vi ikkje rydde opp alt på dei tre dagane vi var ute å plukka avfall, fortel ho.

– Kva er det mest oppsiktsvekkande dokke har funne?

– I fjor var det enorme mengder med sko i strandkanten, svarer Otneim.