Større skogryddingsprosjekt i gang i Nordfjord

Dei siste vekene har maskinar og folk vore i full sving med å rydde vekk skog langs RV 15 på strekninga Lotetunellen – Bryggja.

TRYGGARE: Arbeid starta ved Lotetunellen og skal ende opp på Bryggja i denne omgang. Vinsrygg Maskin AS står for arbeidet.   Foto: PER OLE LEFDALSNES

Nyhende

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Vidar Solheim, opplyser at det er Presis Vegdrift som er entreprenør og Vinsrygg Maskin AS Stryn som er underentreprenør og gjer arbeidet. Ein gravemaskin med utstyr for trefellinga og ein lastebil syter for at arbeidet går greitt unna. Dei nærmar seg i desse dagar Kjølsdalen. Trafikken på vegen blir minimalt hindra, då profesjonelle folk dirigerer trafikken forbi arbeidsstaden.