Små steinar gjer stor skade i Sogn og Fjordane

Steinsprut kosta forsikringsbransjen i fylket 39 millionar kroner.

Steinsprut: Små steinar gjer stor stade på bilane i Sogn og Fjordane. pressefoto 

Nyhende

– Våren er høgsesong for steinsprut. Når snøen smeltar blir småsteinar og anna rask i vegbana kvervla opp, og smell inn i frontruta, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

I Sogn og Fjordane måtte 5.200 bileigarar innom ein verkstad for å reparere ruta eller få skifta i ei bilrute i løpet av fjoråret. Erstatningane enda på 38 millionar kroner, eller nærare 100.000 kroner kvar einaste dag. truleg vil minst like mange bileigarar i Sogn og Fjordane oppleve denne type skade, også i år.

Det er vanskeleg å gardere seg mot steinsprut, men nokon råd har forsikringsselskapet.

– Det enklaste er å halde god avstand til bilen framfor, men nokon garanti mot ein liten «rose» i frontruta er det ikkje, seier Voll.

Vegar som har vore strødd er meir utsett enn vegar som berre har vore salta.

Om du får ei rose i frontruta er det viktig å dekke den til raskast mogleg med tape. Ein ubeskytta sprekk vil bli fylt med skitt, og då dekan det vere umogleg å reparere den.

I løpet av 2018 betalte forsikringsselskapa totalt ut over 1,6 milliardar kroner i erstatning for 256.000 steinsprutskadar.