IT- og teknokunnskap i Førde -

Opnar nye karrierevegar

– Det skal ikkje meir enn ei interesse for data og IT til for å få eit morosamt skuleår med mange aha-opplevingar og meistringskjensle i Førde, seier Ingrid Hjelle. Ho var i første kullet i fjor, og no håpar ho at fleire grip sjansen.

Håper på fleire: Ingrid Hjelle meiner det ville vere ekstra stas å få fleire jenter som studiekompisar på IT/Tekno.  Foto: privat

Nyhende

Ingrid starta frå botnen då ho søkte seg til det nye lokale tilbodet i fjor, med lite eller ingen IT- og teknokunnskap frå før. Matematikk var heller ikkje favorittfaget.

– Spesielt her opna studiet nye dører, faget likna ikkje dei mattetimane eg hadde hatt før. Her kjem ein langt ved å tenkje logisk. Det er jo veldig spennande at vi i programmeringsfaga får jobbe praktisk med å lære å lage eigne program, sjølv om det ikkje er av dei mest avanserte enno, seier ho.

Nytt tilbod

Lokalt og nært IT-studiet i Førde er nytt og har difor færre studentar enn andre stader.

– Veldig bra at klassen var såpass liten, omlag 25. Då blir miljøet nært og godt, og terskelen for å be kvarandre om hjelp er låg. Det er truleg også lettare for forelesarane å leggje opp undervisinga slik at den passar alle, meiner Hjelle. Ved å studere lokalt, får elevane også ekstra god kontakt med framtidige arbeidsgjevarar lokalt.

Kreativt yrke

Dette studiet er slett ikkje berre for dei som elskar tal og kode, men ein bør jo ha ei viss interesse for teknologi. Då Hjelle starta karriere-reisa si i Førde i fjor, hadde ho som mål å bli designar.

– Eg vil gjerne jobbe kreativt, kanskje front-end utvikling og design av nettsider. Men det er utruleg mange spennande vegar som opnar seg i løpet av dette studiet, så eg trur det er lurt å ha eit ope sinn, seier ho.

Arbeidsmarknaden i framtida vil krevje både IT/teknokunnskapar og kreativitet. Kunnskapen kan bli nyttig i alle jobbar, også såkalla kreative yrker som grensar mot kunst.

– Kanskje er det også derfor eg får stadig fleire kvinnelege medstudentar, meiner Hjelle, som oppmodar jenter og kvinner i alle aldrar til å ta det første steget på IT-utdanninga i Førde.