Lanserer ny pris

Ein heilt ny pris ser dagens lys i Hordaland og Sogn og Fjordane i år.

Pris: Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane og Johannes Rauboti i SFE. 

Nyhende

– Vestland vert ein realitet, og då må vi løfte blikket og tenke nytt, seier Trond Teigene. Han er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, og saman med Sogn og Fjordane Energi (SFE) har dei med seg Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeidet om ein heilt ny innovasjonspris.

DRIV er namnet, og den vert delt ut for aller første gong i september i år.

Dette er DRIV

Med DRIV-prisen vert målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det «grøne skiftet». Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt eller ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar.

Bidraget må også ha forretningsadresse i nye Vestland fylke, og bidraget som vinn må ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar i nye Vestland fylke.

– Å skape grøn omstilling er mellom dei viktigaste oppgåvene vi har i vår tid. I det arbeidet kan vi alle bidra, både som enkeltmenneske og saman med andre. Denne prisen er eit bidrag frå oss til å løfte fram idear frå vår region som bringer oss nærare det grøne skiftet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

Vinnaren vert tildelt 200.000 kroner, medan andreplassen får 50.000 kroner og tredjeplassen 30.000 kroner.