Alvorleg trafikkulykke - sjåfør henta med luftambulanse

Det har vore ei alvorleg trafikkulykke mellom Kjøs og Markane.

Politiet har rykt ut til ei alvorleg ulykke.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Rett før klokka 11:30 fredag melde politiet om trafikkulykke mellom Kjøs og Markane der eit vogntog og ein personbil var innblanda. Ifølgje lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, var det eit vogntog som hadde køyrt i fjellveggen og sjåføren vart sittande fastklemt.

– Det er eit vogntog som har køyrt i fjellveggen og sjåføren er fastklemt. Det har vore ein personbil også involvert, men korleis og kva rolle den har hatt er usikkert for meg. Det er meldinga vi har no, sa lensmannen til Fjordabladet rett etter ulykka.

No opplyser innsatsleiar Roger Gundersen at sjåføren av vogntoget er sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Ifølgje politiet var det fire personar i personbilen. To av desse vert køyrt til Førde sentralsjukehus for sjekk, medan to andre i personbilen vart køyrt til legevakta i Stryn for sjekk. Sjåføren er også sendt til sjukehus med luftambulanse. Både dei fire personane i personbilen og sjåføren av vogntoget var med bevisstheit.

Patruljar frå Eid og Stryn rykte ut til ulykka, og alle naudetatane var på staden.

Ifølgje Statens vegvesen er det manuell dirigering på staden inntil vidare.

Møteulykke

Ifølgje innsatsleiaren var ulykka ei møteulykke.

– Eg vil ikkje gå inn på fleire detaljar enn det, men vi har ei klar formeining om kva som har skjedd. Vi har snakka med fleire vitner. Vi skal ta teknisk og taktisk undersøking før vi kan konkludere.

Vogntoget er ikkje fjerna enno, og politiet jobbar framleis på staden.