Vart fylkesmeistrar

I dag har Haugen/Eid G13 vore i Sunnfjord og spelt to kampar, og dei er blitt fylkesmeistrar.

Dei 14 som høyrer til laget er: Oscar Hopland, Anders Lote, Kristian N. Bakke, Kasper N. Larsen, Theo Endal, Simon Starheimsvik, Gabriel B. Lyngstad, Yafiet Mussie, Oliver S. Hjelmeland, Lukas Andersson, David B. Lefdal, Harald H. Starheim, Håkon Sundal, Tobias N. Englund.  Foto: Privat

Dei to gutane som held pokalen er dei to som har bytta på å vere kaptein på laget i år: Harald H. Starheim og David B. Lefdal.  Foto: Privat

Nyhende

Haugen/Eid G13 vann 29-14 over Askvoll/Holmedal og 18-13 over Gaular, og dei er sjølvsagt svært fornøgde med det.

Trenarar for laget er Line Balsnes og Kristina Balsnes Lefdal.

Line Balsnes fortel at laget består av 14 gutar som trenar jamt og trutt, og har stor glede av handballen. Gutane har spelt ilag i fire år, og kjenner kvarandre godt, noko som viser igjen på bana. Samspelet sit godt og alle spelarane er involverte i spelet.

– I dagens første kamp fekk vi alle på scoringslista, noko trenerteamet er stolte av. Vi la keeperen vår Oscar inn som strekspelar i siste angrep, og jammen fekk han eit innspel som han scora på.

– I siste kampen møter vi eit sterkt lag, men vi hadde bestemt oss for å vinne kampen.  Desse gutane er ei god rekruttering for herrehandballen i kommunen, med tanke på at herrelaget rykte opp ein divisjon, seier Line Balsnes. Ho legg til at tre av gutane på laget låg heime med influensa og fekk ikkje vere med på dagens moro.

No gler heile laget seg stort til å reise på cup til Trondheim siste helga i april.

Fire lag frå Eid reiser oppover.


Haugen/Eid - Askvoll /Holmedal 29-14

Desse scora for Eid/Haugen

Oscar Hopland (1), Kasper N. Larsen (1), Simon Starheimsvik (1), Gabriel B. Lyngstad (1), Yafiet Mussie (1), Oliver S. Hjelmeland (2), David B. Lefdal (7), Harald H. Starheim (8), Håkon Sundal (2), Tobias N. Englund (5).


Gaular - Haugen/Eid 13-18

Desse scora for Eid/Haugen

Kasper N. Larsen (2), Yafiet Mussie (1), David B. Lefdal (1), Harald H. Starheim (4), Håkon Sundal (2), Tobias N. Englund (8).

Vart krinsmeistrar også i fjor