To nye skåpkunstnarar

Fargerikt på Det kreative rom

Ein gong i månaden dukkar det opp nye arbeid i Det kreative rom i AMFI Nordfjord. I mars er det Marit Støyle og Agniezka Kozubek som får vise fram kunsten sin og noko av det dei har produsert dei siste par åra.

Kontrastar: Marit Støyle leikar seg med kontrastar, former, linjer og tekstur i bilda sine.   Foto: Privat

Bearbeider kjensler: Gjennom å skape noko på lerretet har Agniezka Kozubek funne ein god måte å avreagere og bearbeide kjensler.  Foto: Privat

Nyhende

Det er berre eit par år sidan Kozubek gjekk i butikken for å kjøpe målarutstyr for nybyrjarar. Sidan då har ho stilt ut bileta sine fleire gonger, mellom anna i Kulturhuset Gamlebanken.

Fantastisk respons

– Responsen på bileta har vore fantastisk, eg kunne ikkje ha fått ein betre start enn dette, seier ho i ei pressemelding.

Målinga har blitt ein god måte å kople av frå kvardagen, gjennom å skape noko på lerretet har ho også funne ein god måte å avreagere og bearbeide kjensler som det ikkje alltid er så lett å snakke om.

I sitt arbeid brukar Kozubek hovudsakleg akryl, men også kaffigrut, song, papir, beis, krit og spraymåling.

Inspirere andre

Marit Støyle er opphavleg frå Sandshamn i Møre og Romsdal, men bur no på Nordfjordeid.

Støyle arbeider også mest med akrylmåling. I motiva leikar ho seg mellom anna med kontrastar, former, linjer og tekstur.

– Det blir det eg får lyst til når eg set i gong med målinga, fortel ho, og bileta kan difor bli veldig forskjellige.

Gjennom å vise fram det ho arbeider med ønskjer Støyle å inspirere andre til å male sjølv, og å spreie positiv energi.

Vil ha fleire

Kunsten til dei to skåpmålarane heng allereie i Det kreative rom slik at publikum kan stikke innom og sjå. Gjengen bak Det kreative rom i Amfi Nordfjord inviterer jamleg gjestekunstnarar til å vise seg fram i galleriet.

– Vi kallar dei «Ut av skåpet-kunstnarar» og ynskjer med dette å synleggjere mangfaldet i kreativitet og skaparglede i både Eid kommune og kommunane rundt, fortel ein av initiativtakarane Åse Huse.

Det er mange som syslar på med kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på, og Huse oppmodar andre som har noko å vise fram om å ta kontakt.