Russen ved Eid vidaregåande skule

Klar for innsamling

Søndag 17. mars har russen ved Eid vidaregåande skule aksjonsdag og går med bøsser i Eid kommune.

Aksjonssjefar: Mathilde Hjelmeland (t.v.) og Auom Rasmussen (t.h.) er aksjonssjefar ved Eid vidaregåande skule. Søndag 17. mars skal russen ha innsamlingsaksjon for forsking på krefttypar som dei færraste overlev.   Foto: Olin Maria Yri

Det er kjekt å bidra og føle at ein gjer ein viktig jobb.

Nyhende

Kvart år har russen ved Eid vidaregåande skule ein innsamlingsaksjon for Kreftforeininga. I år er aksjonsdagen 17. mars, og då skal russen gå med bøsser rundt om i Eid kommune for å samle inn pengar til forsking på krefttypar som dei færraste overlev.