Norges-cup skiskyting for junior

Atten frå fylket stiller på i Orkdal

Denne helga stiller 16 skiskyttarar frå Sogn og Fjordane skiskyttarkrins og to frå Vik, som går på landslinja Stryn vidaregåande skule, til start på junior NM skiskyting i Orkdal.

Hevdar seg: Bendik Vereide, Stårheim IL, har hevda seg bra og ligg som nummer sju Norges-cupen.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Fredag er det fellesstart, medan det laurdag er sprint. Helga blir avslutta med stafettar søndag.

Spennande

Det blir ekstra spennande å følgje Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, som ligg som nummer to i Norges-cupen før konkurransen til helga. Andre som har hevda seg bra og ligg godt an i Norgescupen er Bendik Vereide, Stårheim IL, på sjuandeplass. Bendik stiller i klassen menn 17 år. I tillegg har vi Simon Hjelmeset Kirkeide, Markane, i klassen menn 19 år, som ligg som nummer åtte i si klasse i Norges-cupen. Også Martin Aaland, Hardbagg, har gjort sine saker bra så langt. Han ligg som nummer 14 i klasse menn 18 år.

Sterkt mannskap

Dei atten løparane frå Sogn og Fjordane som stiller til start er: Klasse kvinner 17år: Gunn Kristi S. Tvinnereim, Hardbagg, Ingrid Heggen, Stårheim og Maria Tistel, Vik. I klassen kvinner 19 år stiller Anne Marie Roset, Hardbagg.


Menn 17 år: Bendik Vereide, Stårheim, Oskar Guddal Breivik, Markane, Ask Haughovd, Stårheim, og Jens Henrik Hegg, Vik. Menn 18 år: Martin Aaland, Hardbagg, Magnus Midthjell Gjørven, Markane, Magnus Seljeset, Hornindal og Torjus Woldsund, Volda. Menn 19 år: Simon Hjelmeset Kirkeide, Markane.


I den eldste juniorklassen, menn 20–21 år, stiller Aksel Mathias Meland, Markane, Vegard Skrede,- Hardbagg, Isak Hopland, Hardbagg, Erlend Bakken, Markane og Håkon Midthjell Gjørven, Markane.

Det er også Norges Cup for senior, her deltek Ole Martin Erdal frå Førde.