Alfred Bjørlo:

Vil la elevane streike for klimaet

Ordførar Alfred Bjørlo (V) vil la elevane streike for klimaet.

Ordførar Alfred BJørlo meiner elevar på vidaregåande skule bør få streike for klimaet -utan å få fråvær på skulen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Fredag 22. mars er det planlagt ein storstilt aksjon for klimaet for ungdom frå heile Sogn og Fjordane.

– Eg meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune bør gi ungdom på vidaregåande skule som ønskjer å delta, gyldig fråvær for delta på arrangementet. Dette har allereie Oslo og Buskerud opna for – fordi politisk arbeid etter regelverket kan vere gyldig fråvær, skriv Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, på si facebookside. Han er også nestleiar i hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Vi skal vere glade for at ungdom engasjerer seg for klimaet – dei må backast av oss vaksne – ikkje blir møtt med «straff», påpeikar han.