Tre nye band klar

Torsdag vart det klart at Brenn, Attan og Combos kjem til Malakoff 2019.

Tre nye band er klar for Malakoff 2019. Her frå festivalen i fjor.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei tre rockebanda Brenn, Attan og Combos skal spele på lavvoscena under Malakoff 2019.

Brenn er ein rockeduo og er fulle av humor og spontanitet. Dei formidlar friske rigg og nyskapande tekstar. Duoen har hits som Piccasso som har over 165.000 avspelingar på Spotify, 1 Relasjon som har over 47.000 avspelingar på Spotify, Du og Jeg, Brent og Custom Girl.

Attan speler metal med brølande vokal og gitar. Dei har hits som Feed the Primates som har over 26.000 avspelingar på Spotify, The Burning Bush Will Not Be Televised og On Hands and Knees.

Rockebandet Combos ere it energisk band som har særprega og karismatisk vocal og kule gitarriff. Hits er mellom andre Cookies and Crack som har over 22.000 avspelingar på Spotify, Steady Creepin’ og Degenerate.

Klar

Frå før er det klart at Bastille, Weezer, Sigrid, Madrugada, Bigbang, Highasakite, Danko Jones, Slaves, Myrkur, the Dogs og Djerv skal spele på Malakoff i sommar.