Influensatoppen er nådd

Talet på influensasmitta nådde toppen i veke sju, og intensiteten ligg no på eit lågt nivå, opplyser Folkehelseinstituttet.

Vaksinasjon mot influensa hausten 2015 på Lovisenberg sykehus.   Foto: Ole Gunnar Onsøien/ NTB scanpix

Nyhende

Overvakingsdata for veke 10 indikerer at førekomsten av influensa gjekk ned i alle regionar, bortsett frå i Nord-Noreg der nivået ligg stabilt, skriv Folkehelsinstituttet i sin rapport for veke 10.

– Influensautbrotet er på hell, skriv FHI i rapporten.

Talet på innlagde per veke er no på eit middels nivå. Det vil likevel vere mange influensasjuke i vekene som kjem, og Folkehelseinstituttet tilrår at personar i utsette grupper vaksinerer seg.

1,4 prosent av dei som oppsøkte lege i førre veke, vart diagnostiserte med influensaliknande sjukdom.