– Det går mot ei dobling i 2020

I 2019 er det venta at 21 cruisebåtar kjem til Eid. Port of Nordfjordeid reknar med betydeleg auke i tal anløp og passasjerar i 2020.

STOR INTERESSE: Marknadssjef i Port of Nordfjordeid, Eli Førde Aarskog melder om betydeleg auke i cruiseanløp og stor interesse for Sagastad. Frå venstre: Gründer og investor John Olav Lefdal og hamnesjef Jostein Mykland. 

Nyhende

Port of Nordfjordeid

– Prestisjebooking i 2020

 

– Det går mot ei dobling, seier Eli Førde Aarskog. Det vil bli anløp frå fleire nye reiarlag og mange spennande skip på Nordfjordeid neste år.

– Det blir spennande å sjå om vi også kan få meir trafikk frå anløpa i Olden. Det er god interesse for Sagastad og Norsk Fjordhestsenter. Men også for heimebesøk på Skårhaug, huldretur til Ossetra og laksefiske, fortel Aarskog. Ho peikar på at alt utviklingsarbeidet med Cruise Day vil få effekt også dagar utan cruiseanløp, og at trafikken kjem til å utfordre handel og service på Nordfjordeid. Det vil også føre til meir fokus på aktivitetsutvikling.

Inviterer til Sagastad


Dagens leiar

Sagastad reiser seg



 

Aarskog tykkjer det er gledeleg at Sagastad vil stille med vertar i Bjørkedalen for ekskursjonar frå Sagastad over Brekka til Bjørkedalen med servering og historia om båtbyggjartradisjonen der. Home Visit Skårhaug ser også ut til å bli populært og Norsk Fjordhestsenter blir også utfordra på logistikk med folk og hestar.


Landstraum til cruiseskip

Ordføraren ber om møte med SFE

 



Fryktar at strandsona kan rase ut

– Området er ustabilt