Vardebrenning på Utsikten – for ei oljefri framtid

Naturvernforbundet i Eid hadde vardebrenning på Utsikten laurdag kveld.

Utsikten: Naturvernforbundet i Eid hadde vardebrenning på Utsikten laurdag kveld. Dette for å markere ei oljefri framtid.   Foto: Privat

Nyhende

Sidan 2009 har Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja jobba for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. De verdenskjente havområda inneheld store naturverdiar. Her gyter Lofottorsken, og fleire andre fiskeartar som vert fiska utanfor norskekysten. Ressursane i havet har vore, og er framleis, grunnlaget for busetting og arbeid i regionen. Eit oljesøl i desse områda kan få store konsekvensar for natur og dyreliv, og eventuell oljeaktivitet vil presse fiskane frå sine kjente fiskeområder.

I år fyller Folkeaksjonen 10 år og vi feira med å for tiande året på rad arrangere vardebrenning for ei oljefri framtid i Lofoten, Vesterålen og Senja.