Klosterbåten klar for ny turistsesong

Klosterbåten vil tilby båtreise til historiske Selja og Selja kloster også denne turistsesongen.

  Foto: Helle Frogner

Nyhende

Det er den same båten som har trafikkert ruta dei siste åra som vil bli nytta.

Klosterbåten tar imot bestilling på båtturar utover fastsette rutetider, også før sesongstart. Det er i tillegg mogleg å bestille båtturar til andre stadar langs kysten og innover Nordfjorden.

I ei pressemelding heiter det at reisande med Klosterbåten vil frå mai 2019 kunne bestille både enkeltreiser og gruppereiser frå klosteret si nettside. Nytt i år er at dei besøkande får tilbod om digital lydguide på tre språk under besøket på øya.

- Klosterbåten sitt nye mannskap med nye uniformer ønskjer tidlegare og nye besøkande velkomne til Selje og Selja, seier representant for båtselskapet, Geir-Johnny Rye.