Inviterer til fylkeshelseundersøking

Denne veka blir om lag 20.000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane inviterte til å svare på spørsmål om blant anna livskvalitet, helse og levekår.

Illustrasjon til undersøkinga.   Foto: Oscar Andersen/Sigrun Espe

Nyhende

Korleis har du det, og korleis trivst du der du bur? Kva faktorar påverkar livskvaliteten din? Kva er viktig for at du skal oppleve eit godt nærmiljø?

Fylkeshelseundersøkinga undersøkjer folkehelsa vår, det vil seie levekår og livskvalitet. Undersøkinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Folkehelseinstituttet.

Fire får gåvekort

– Vi vil leggje til rette for god livskvalitet for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Resultata frå undersøkinga skal hjelpe oss med dette, og eg håpar difor at så mange som mogleg av dei 20 000 tek seg tid til å svare. Slike undersøkinga kan gi oss kunnskap om korleis folk opplever helsa si, om trivsel i nærmiljøet og andre faktorar, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Dei 20 000 som er valde ut til å delta i undersøkinga, er over 18 år, og alle blir kontakta via anten SMS eller e-post. Fire av dei som svarer på undersøkinga, blir trekte ut og får eit gåvekort på 2000 kr kvar.

Viktig med god svarprosent

Resultata frå undersøkinga skal hjelpe både fylkeskommunen og kommunane å leggje til rette for gode levevilkår og god likskvalitet for innbyggjarane i fylket. Difor er det viktig at så mange som mogleg svarer. Slik får vi eit best mogleg datagrunnlag.

– Vi tek med oss resultata frå undersøkinga også inn i Vestland fylke. Hordaland gjennomførte same undersøking i fjor, så no får vi same datagrunnlag for heile det nye fylket. Like viktig som å finne ut kvar skoen trykkjer, er det å setje søkjelys på dei gode kvalitetane vi har i fylket, seier fylkesordføraren.

Svarskjemaet er lagt til rette slik at deltakarane i undersøkinga kan velje om dei vil svare på pc-en, nettbrettet eller smarttelefonen. Dei kan svare på anten nynorsk, bokmål eller engelsk.

Meir informasjon om fylkeshelseundersøkinga på heimesida til fylkeskommunen.