Glede over nytt smarthusutstyr til Eid vgs.

Elektroelevar ved Eid vidaregåande skole har fått gratis utstyr for opplæring i framtida sin teknologiske heim – smarthus.

Smarthus: Heimen kan kontrollerast ved hjelp av mobil, nettbrett, PC eller MAC.   Foto: Ill.foto

Fornøgd: Avd.leiar Ove Lillestøl ved Eid vgs. 

Nyhende

Eid vgs. har fått smarthusutstyr til over 185.000 kroner, og er ein av tretten skular i landet som mottek smarthuskomponentar gratis, skriv straumstyringsselskapet Eaton i ei pressemelding.

– Vi er sjølvsagt strålande fornøgde med gåvepakken. Dette vil ha mykje å seie for elevane. No har vi nok utstyr til å drive effektiv undervisning innan smartteknologi, seier Ove Jonny Lillestøl, avdelingsleiar for elektrofag ved skulen.

Stort løft

– Dette er eit betydeleg løft for elektroutdanninga ved Eid vgs. Vår ambisjon er å tilby den mest komplette og framtidsretta elektro-utdanninga i Norge, seier Lillestøl.

Totalt deler Eaton ut utstyr for 2,4 millionar kroner. I tillegg deltar lærarar på kurs for å styrke kunnskapen sin om programmering av smarthus.

Elevane vil installere smarthus-utstyret i eit demo-hus som skal byggast på skulen sitt område. Her vil elevane få testa både programmering og installasjon av smarthus-komponentar.

– I første omgang er det elevar i første og andre klasse som får undervisning og praktisk erfaring med smart-teknologi. Smarthus er definitivt framtida, og eit viktig kompetanseområde for elektrikarar. Opplæring i trådlaus smarthus-teknologi vil gi elevane større moglegheiter etter endt utdanning, seier Lillestøl.

– Målet er at det skal vere gøy og lærerikt for elevane å lære om korleis ein kan integrere smarthus-applikasjonar, for ein enklare, tryggare og meir miljøvennleg kvardag for deira framtidige kundar, seier Jon Helsingeng, som er leiar for Eaton i Norge.

Først

Eid og Stryn var dei første vidaregåande skulane i Norge til å tilby helse- og dataelektronikk-elevar praktisk erfaring innan velferdsteknologi, ifølge Lillestøl. Dette gjennom ein smart-omsorgsbustad i Stryn, som har fungert som ein læringsarena for elevane.

– Vi er stolte av å tilby elevane opplæring innan velferdsteknologi. Når helsefag-elevar og elektroelevar må samarbeide og lære kvarandre fagspråk, blir utdanningane meir realistisk og læringsutbytte blir større. Gode evner til samarbeid er viktig, meiner Lillestøl.