Kathrine Berg skal arbeide vidare med ordførarkjedet

Vikingkjede til Stad

Ordførarkjede for Stad kommune vil hente inspirasjon frå vikingane sin brynjeteknikk. Symbola skal hektast på i åra framover.

Fekk prøve: Fleire fekk prøve Berg sitt utkast til ordførarkjede. Her er det leiar for fellesnemnda Stad 2020, Stein Robert Osdal (KrF) som prøver kjedet. Alfred Bjørlo (V) med eidakjedet. 

Nyhende

Gullsmed Kathrine Berg på Nordfjordeid har fått i oppgåve å lage idé og utkast til ordførarkjede for den nye Stad kommune. På møtet i Fellesnemnda for Stad 2020 på torsdag la ho fram eit konkret forslag som nemnda valde på gå vidare med.