Premie til første fødde i Stad kommune

Kven er den første babyen som kjem til verda i nye Stad kommune, 01.01.2020?

Stad 2020 planlegg å gje ei gåve til den første innbyggjaren som blir fødd i den nye kommunen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Stad 2020 planlegg no å gje eit heilt særskild gåve til denne første innbyggjaren som blir fødd i den nye kommunen. Kva gåva blir er ikkje avgjort enno. Dette blei det orientert om på møtet i fellesnemnda på torsdag. Og altså i god tid i høve til planlegging for fødsel innan ni månader.