Inviterte til festmåltid for eldre

Seljetunet har nyleg hatt matglededag med festpynta bord og lekre rettar på menyen.

Matglede: God mat og matglede stod på menyen ved Seljetunet. Her f.v. elev i 10.klasse Anette Bakkebø, og hovmeister Sissel Rundereim.   Foto: Privat

Dugnad: Matgledeprosjektet ved Seljetunet var dugnad mellom elevar, tilsette, besøksvener og andre som hjelpte til.  Foto: Privat

Festmåltid: Bordet var dekka til fest.  Foto: Privat

Tre kokkar: Ved Seljetunet f.v. kjøkkensjef Yonne Rundereim, og kokkane Britt Sølvi Velsvik og Karen Flemmen Berg.  Foto: Privat

Serverte: Elevar i 10. klasse ved Selje skule, Elisabeth Aarsheim og Elisabeth Osdal, serverte her Margunn Rundereim.  Foto: Privat

Matservering: Her ved kjøkkensjef Yvonne Rundereim og hovmeister Arvid Hamre.  Foto: Privat

Frå havet: Spennande delikatesser frå den maritime næring stod mellom anna på bordet.  Foto: Privat

Nyhende

Som ein del av prosjektet Livskvalitet ved Seljetunet har det nyleg vore arrangert ein dag med festmåltid på menyen. Eit samarbeid mellom Maria Helgesen i Selje kommune, tilsette ved Seljetunet, elevar frå Selje skule, besøksvenner og frivillige.

På menyen stod mellom anna lekre rettar frå havet og tre ulike typar dessert. Kjøkkensjef og kokkar på kjøkkenet laga til festen i samarbeid med elevar frå 10.klasse. Og til eit skikkeleg festmåltid høyrer også musikk. Organist Jon Inge Sigersland stilte opp med taffelmusikk til maten.

Livskvalitet

Prosjektet Livskvalitet ved Seljetunet starta opp i 2018, ved hjelp av midlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Selje kommune. Maria Helgesen hadde i fjor ei prosjektstilling på 50 prosent, og 20 prosent i år.

Målet er å få auka livskvaliteten og trivselen mellom bebuarane, og innføre tiltak som kan bli varige. Eksempel på tiltak er å nytte frivillige som hjelp og selskap ved måltida, besøk frå barnehagar, bokkafé på Seljetunet og fokus på lukt, smak og trivsel under måltida. Eit døme er steiking av vaflar i lokala der dei eldre oppheld seg, for å få fram gode lukter som kan auke matlysta.

Neste på programmet er babysong på Seljetunet, eit arrangement som er bestemt til 28. mars.