Ikkje plass i Eid rådhus

Når majoriteten av administrasjonen/kommunale tenester for Stad skal inn rådhuset på Nordfjordeid blir det ikkje plass til alle.

Når mykje av administrasjonen skal inn i Eid rådhus blir det ikkje plass til alle.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det er bestemt at helsetenestene skal ut for å frigjere kontorplass. Kanskje må også helsestasjonen for barn og unge ut av rådhuset. Prosjektleiar for Stad 2020, Aslaug Krogsæter, orienterte for fellesnemnda at den nye kommunen truleg også må bruke andre kommunale hus i Eid sentrum for å få plass til alle oppgåvene i Stad kommune.