Går for samla reiseliv

Fellesnemnda går for vidare arbeid med samla reiselivsstrategi i Stad.

Meir profesjonelt: Fellesnemnda støttar PWC sitt framlegg om ei samlande reiselivsklyngje for Stad. Eit samarbeid for høgare kvalitet på reiselivet, høgare pris og samla marknadsføring. 

Nyhende

Det er PWC ved Ingvill Flo som har utvikla ein strategiplan for felles reiselivssatsing i Stad kommune. Dette arbeidet er no avslutta frå PWC, og det vidare arbeidet skal førast vidare med kommunane i førarsetet.

Konkrete tiltak som PWC har kome fram til er mellom anna utvikle produkt og formidle historie kring viking, kloster, konge og pilegrim. turistløype frå yste Stad til Hornindalsvatnet, sykkel/turveg frå Selje til Bryggja, lokalmat med fokus på lam, kystgeita, hjort og fiske, nye overnattingstilbod, betre veg til Vestkapp, tilbod til barnefamilien, tilpasse opningstider og sentrumstilbod i Eid, utvikle sjøsida i Eid, båtsamband langs kysten frå ytre til indre, engasjere dei unge.