Diskuterte kystråd

Fellesnemnda fekk torsdag orientering om etablering av kystråd i Sogn og Fjordane, etter samling på Skjerjehamn.

Stein Robert Osdal (KrF), leiar i fellesnemnda, sa at det er ulike haldningar frå kommunane til kystrådet.   Foto: Arkiv

Nyhende

Leiar i fellesnemnda, Stein Robert Osdal (KrF), sa at det er ulike haldningar frå kommunane til kystrådet. Målet med kystrådet er kampen for sjøareal og strandsone, betre infrastruktur, auke skaparkraft og nyskaping. Involverte kommunar er Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Og i framtida Kinn og Stad kommunar.