Lefdal Mine Datacenter

Auka kraftbehov

Lefdal Mine Datacenter (LMD) har behov for å auke effekten av straumuttak til datalagring frå dagens kapasitet på 18 MW til 60 MW, og SFE Nett AS har søkt om konsesjon for ny kraftleidning gjennom Lefdalsbygda.

FLEIRE ALTERNATIV: SFE har søkt NVE om konsesjon for å bygge om eksisterande 132 kV-kraftleidning mellom Ålfoten og Bryggja, slik at den går innom Lefdal, samt å etablere ein ny transformatorstasjon i Lefdal. Alt. 2.1 er raude strek til høgre.  Foto: NVE

Nyhende

Lefdal Mine Datacenter opna i 2017 eit datasenter for lagring av data i den nedlagde olivingruva Lefdal gruve. Datasenteret har stort behov for energi til sin aktivitet. Datasenteret er i dag forsynt med elektrisk kraft gjennom ein 22 kV kraftleidning med maksimal effekt på 18 MW. Energibehovet til datasenteret aukar raskt, og det vil i det neste utbyggingssteget til datasenteret bli behov for inntil 60 MW effektuttak.