–Dei ønskjer den billigaste løysinga

–Bør ta miljøomsyn

–Lefdal Mine Datacenter vert marknadsført som eit grønt alternativ. Det bør takast omsyn til miljøet også oppe i dagen, ikkje berre nede i gruva, meiner grunneigar Sigmund Larsen. Han legg til at det kan verke som om det er kapitalen som rår.

VIL FØRE TIL REDUSERT TRIVSEL: Traseen i Alternativ 1 vil kome om lag 200 meter frå husa til Sigmund Larsen og Elin Stølen og vil bli svært synleg frå tunet deira, der biletet er teke.  Foto: Privat

Nyhende

Lefdal Mine Datacenter

Auka kraftbehov

 

Størstedelen av kraftlinjetraséen over Bakkeegga, Alternativ 1, vil på Eid-sida gå over eigedommen til Sigmund Larsen og Elin Stølen. Dei er sterke motstandarar av at dette alternativet vert valt. Det vil føre til redusert trivsel, driftsvanskar, verdiforringing og vil kunne verke negativt for deira satsing på turisme.