Port of Nordfjordeid

– Prestisjebooking i 2020

Port of Nordfjordeid opplyser at Disney Magic vil besøke Nordfjordeid 2. september 2020.

Disney Magic, eigd av Disney Cruise Line har ein kapasitet på 2.700 passasjerar.   Foto: Disney Cruise Line

Nyhende

 – Dette er stort for den nye hamna og svært godt nytt. Denne prestisjebookinga blir lagt merke til i bransjen og betyr mykje som referanse for Port of Nordfjordeid. Det er dessutan ganske unikt å få ei slik booking på plass før hamna er opna for cruisetrafikk, skriv Port of Nordfjordeid i ei pressemelding.

Har mykje å by på

Nordfjordeid, som ny cruisedestinasjon, har mykje unikt å by på, som Port of Nordfjordeid trur Disney Cruises har lagt merke til.

– Den vesle, vakre bygdebyen inst i fjordarma, er i seg sjølv ein attraksjon. Med historiske Eidsgata, park med badestrand i sentrum, vakre Eid Kyrkje og Operahuset Nordfjord. Men det er nok også storsatsinga på Sagastad med Myklebustskipet, landets største kjende vikingskip og alt rundt det, som no lokkar dette spesielle og kvalitetssøkande cruiserederiet. 

Det gigantiske vikingskipet blir sjøsett 27. april og senteret blir opna 9. mai no i 2019, i god tid før første cruiseskipet legg til ved seawalken 21. mai.

The Volva Walk

Vikinghistoria på Nordfjordeid blir måla med brei pensel for turistane og ein tilbyr den historiske Sagaløypa via viking-gravene,  Sagatur frå Sagastad via Hjelmelandsdalen til Bjørkedalen og historia om  båtbyggjartradisjonen der, produktet Be a Viking på Fjordane Folkehøgskule der dei har eiga vikinglinje, langhus med servering og smie. Den heilt spesielle Tverrgata blir introdusert som The Volva Walk sidan der er spor etter mektige kvinner i gravhaugen.

Ein har fokus på å skape  magi og eventyr i produkta, også for turane til fjells. Ein kan prøve både The Troll Hike (Trollenyken) og The Huldra Hike (Os-setra).

The Viking Walk

På Nordfjordeid kan du også gå The Viking Walk, måla med hestesko i gateløpet. Dette er naturlig  i fjordhestens heimland. På Nordfjordeid har ein no  ambisjon om å relansere fjordhesten i norsk reiseliv med fleire gode aktivitetar. Det kan vere alt frå fotoshoots med fjordhestar som badar i Eidsfjorden, rideturar i uberørt natur i Hjelmelandsdalen eller hest og kjerre gjennom Eidsgata.

Disney Cruises har familieturar til Europa om sommaren og lanserer kvart år nokre nye hamner. For 2020 er Nordfjordeid ei slik ny hamn. Men Disney kjenner til Nordfjordeid frå før. Dei har tidlegare hatt ekskursjonar til Norsk Fjordhestsenter, noko dei skal ha også i august 2019.

Port of Nordfjordeid opplyser vidare at bookinga for 2020 svært god.