– Best å få samla alle linjene i same trasé

Det har kome inn ei rekkje fråsegner i samband med høyringa om nye kraftleidningar i Lefdal. NVE er no inne i siste fase av konsesjonsbehandlinga der det skal takast ei avgjerd.

Støttar Alternativ 1: – Den beste løysinga er at alle kV-linjene vert samla i same trasé, meiner grunneigar Bjørg Roset og 15 andre som har kome med felles høyringsuttale.   Foto: Arkiv

Nyhende

Lefdal Mine Datacenter

Auka kraftbehov

 

Ein del av bygda støttar SFE Nett sitt primære ønskje om Alternativ 1. Bjørg Roset og 15 andre har skrive under på ein uttale der dei sterkt rår frå å gå for alternativ 2. Dei ønskjer ikkje at verken Alternativ 2.1 eller 2.2 skal iverksetjast.