Venstre vil prøve ut ny «Statens Hus»-modell på Nordfjordeid

Venstre prøve ut ein ny modell for «Statens hus» i distrikta, med felles fasilitetar og tilrettelegging for fjern-jobbing på stader der det er mindre avdelingar av fleire statlege etatar.

Venstre prøve ut ein ny modell for «Statens hus» i distrikta, med felles fasilitetar og tilrettelegging for fjern-jobbing på stader der det er mindre avdelingar av fleire statlege etatar. Dette vedtok Venstre sitt landsmøte i helga. Frå venstre: Terje Breivik, Trine Skei Grande, Alfred Bjørlo og Gunhild Berge Stang.  

Nyhende

Det vedtok Venstre sitt landsmøte i helga som meiner det vil skape større fagmiljø som kan utnytte kompetanse på tvers, gjere det lettare å organisere seg desentralisert for alle deler av statsforvaltinga - og legge til rette for at fleire statsetatar enn i dag skal rekruttere og tilsetje folk på mindre stader. Partileiar i Venstre Trine Skei Grande og parlamentarisk leiar Terje Breivik meiner Nordfjordeid peikar seg ut som ein naturleg stad å prøve ut ein slik modell.

–Det er ikkje akseptabelt at bu- og arbeidsmarknadsregionar blir tømt for statlege arbeidsplassar fordi kvar sektor driv eigne, ukoordinerte strukturendringar. Nordfjord er eit døme på ein bu- og arbeidsmarknadsregion som konsekvent har kome dårleg ut i statlege omorganiseringar, samtidig som næringslivet går godt og er i vekst, og kommunar i regionen har slått seg saman for å skape større utviklingkraft. Det er naturleg å prøve ut ein slik Statens Hus-modell på Nordfjordeid i nye Stad kommune, der også Statens Vegvesen er med og plasserer funksjonar og desentraliserte arbeidsplassar i sin nye modell, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande og parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik frå Hordaland.

–Å legge til rette for ei desentralisert statsforvalting er særskilt viktig i omorganiseringa  av Statens Vegvesen som no står for døra, fordi Statens Vegvesen er desentralisert organisert i dag. - Det må vi ta vare på og vidareutvikle i den komande omorganiseringa, med særskilt blikk på å utvikle avdelingar/lokasjonar for Statens Vegvesen i bu- og arbeidsmarknadsregionar der staten elles er lite til stades, seier Grande og Breivik.

– Dette er ein spennande og fornuftig modell, som óg vil gjere det lettare for nye Vestland fylke å desentralisere funksjonar og arbeidsplassar. Sterke offentlege kompetansemiljø er viktige for å skape attraktive bu- og arbeidmsarknader i alle deler av det nye fylket, og spele på lag med næringslivet, seier Venstre sin fylkesordførarkandidat i Vestland, Gunhild Berge Stang.

– Eg er svært glad for dette viktige distriktspolitiske vedtaket på landsmøtet, og støtten frå Venstre både nasjonalt og i Vestland til å prøve ut dette i nye Stad kommune, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (Venstre).

– Næringslivet er komne mykje lenger enn staten i å lokalisere jobbar desentralisert og gjere det lett å jobbe på «fjern-kontor», for å rekruttere dei beste folka uavhengig av kvar dei bur. Det er eit politisk ansvar nasjonalt å legge tydelege rammer for at også Staten skal legge fleire jobbar ute i distrikta, og vere ein partner  for å utvikle varierte, robuste bu- og arbeidsmarknader i heile landet. Ein slik modell vil høve godt også andre stader i Sogn og Fjordane der staten no er svakt og fragmentert representert, til dømes i Florø, seier Alfred Bjørlo.