Sei di meining

Skal kommunevåpen for Stad ha fjordhest/Sunniva eller båt som motiv? No kan du seie kva du meiner i kommentarfeltet til denne saka.

Framtidig kommunevåpen i Stad kommune. Det står mellom desse to alternativa. No kan du seie kva du meiner i kommentarfeltet til denne saka.   Foto: Illustrasjon: Steinar Engeland

Nyhende

Fellesnemnda for Stad 2020 sagt at både Eid sitt symbol, fjordhesten, og Selje sitt symbol, Sunniva, skal inn i kommunevåpenet for Stad. Men på møte i førre veke gjorde nemnda eit vedtak som kan gje både fjordhesten og Sunniva på båten.

Nemnda landa på to symbol inn i den avgjerande finalen for kommunevåpen. Det eine med fjordhesten/Sunniva, det andre med båt som motiv. Det betyr i praksis at fellesnemnda står fritt til å velje båten og vrake hesten og Sunniva. Og gje si tilråding vidare til kommunestyra i Selje og Eid, som skal ta endeleg avgjer før sommarferien. No kan du seie kva du meiner i kommentarfeltet.