Nordfjording dømd til 120 dagar i fengsel

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i 120 dagar. Han skal mellom anna ha råkøyrt i 210 km/t i Kvivstunnelen.

Råkøyring: Ein ung nordfjording råkøyrde i Kvivstunnelen. Då han køyrde i 210 km/t skal han ha blitt tatt bilde av.   Foto: Arkiv

Nyhende

Det var i januar 2017 at den unge mannen skal ha råkøyrt gjennom Kvivstunnelen. I bilen hadde han med seg to kameratar. Den eine tok bilde av speedometeret, som viste 210 km/t i 80-sona gjennom tunnelen.

I Sogn og Fjordane tingrett erkjende den unge nordfjordingen at bildet var av speedometeret i hans eigen bil. Retten er dermed overbevist om at mannen heldt ein fart på minst 180 km/t, etter å ha trekt frå ein sikkerheitsmargin på 30 km/t.

I tingretten fortalde ein av kameratane at bilen begynte «å gå sidelengs under nedbremsing», og at han tykte det var ein skummel situasjon.

Køyrde over fot

I tingretten vart nordfjordingen også funne skuldig i å køyre over foten til ein annan ung mann som oppsøkte bilen, då han sladda rundt på ein parkeringsplass i Nordfjordeid sentrum.

Retten finn det bevist at tiltale har fått bilen til å skli på glatt underlag i nærleiken av bygningar og andre menneske. Ein slik måte å handtere bilen på inneber fare for at bilen kan kome ut av kontroll og skape skade på personar eller gjenstandar. Retten er vidare overbevist om at tiltalte handla forsettleg.

Nokre dagar seinare slo nordfjordingen ned den same ungdommen. Han skal ha slått til den andre med knytta neve i ansiktet slik at denne fall og landa med ansiktet mot hardt underlag slik at ei fortann knakk. Den knekte tanna er å rekne som ein kroppsskade i lova sin forstand, heiter det i dommen.

Fleire skadeverk

Mannen er tidlegare ustraffa. No er han dømd for fleire skadeverk mot bilar som tilhøyrde andre. Han skal mellom anna ha skore i dekk etter ein krangel.

Han skal også ha køyrd bil trass i at han ikkje hadde gyldig førarkort. Det var inndratt og i retten forklarte han at han var klar over at han ikkje lovleg kunne køyre bil.

No er han dømd til fengsel i 120 dagar. Fullbyrdinga av straffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Straffa er for fartsoverskriding, aktlaus køyring, køyring utan gyldig førarkort, kroppsskade og to tilfelle av skadeverk.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen klare seg utan førarkort i 36 månadar. For å få sertifikatet tilbake krev tingretten at han må ha full ny prøve.

Han må også betale 499 kroner i erstatning til ein bileigar.