Klenkarberget Sommarcamp

Inviterer til ny sommarcamp

Torsdag opnar påmeldinga til årets sommarcamp på Klenkarberget på Haugen. Nytt for i år er at alle som melder på første dag er sikra plass.

Nærområde: Klenkarberget Sommarcamp nyttar nærområdet flittig.   Foto: Klenkarberget Sommarcamp

Gardsbesøk: Dyr og gardsstell på Løken gard står på programmet i andre veka av sommarcampen.  Foto: Klenkarberget Sommarcamp

Nyhende

Tidlegare år har det vore stor rift om plassane på dei mest populære vekene.

– Det har vore slik at mange sit klar når vi opnar for påmelding. Men i år er det slik at alle som melder frå første dag får plass uansett. Det er gjerne dei to første vekene som har vore dei mest populære vekene på sommarcampen. Då har vi 80 plassar på den vanlege sommarcampen, og 40 på Camp Adventures. Blir det fleire enn dette så får vi finne ut av det, lovar leiar Henning Haugen.

Populært

Klenkarberget Sommarcamp har vore arrangert kvart år sidan 2007.

Dei siste 5 åra har ein hatt mellom 250 og 350 vekeplassar. Unike barn har vore mellom 160- 190.

– For mange er det mange veker sommarferie frå skulen, og sommarcampen er eit hjelpetilbod for å få ferieavviklinga til å gå i hop så heile familiar får ferie i lag. For ungane er det fine aktivitetar å oppleve i nærmiljøet. Så sommarcampen er positivt både for ungane sin eigen del og for foreldre sin feriekabal, fortel Haugen.

Han har fått på plass tilsette, og elevar frå restaurant mat ved Måløy vgs. og lærar Bente Vonheim står for maten til dei svolte sommarcamperane.

Innhaldsrike dagar

Haugen lovar innhaldsrike dagar på sommarcampen.

– Det vert mykje frileik, for vi har mange fine område å bruke i nærområdet vårt. Den første veka vil dei to yngste årsklassane få tilbod om symjing i Eid Idrettshus. Også dei andre vil få tilbod om tid i bassenget. Det vert også friidrett denne veka i regi av friidrettsgruppa til Haugen idrettslag. I andre veka er vi igjen på Løken gard, aktivitetar med dyr og gardsstell. Dei litt eldre barna får skyte på Espe skytebane og det vert dans med elevar frå Eid vgs., fortel han.

Tredje veka kjem handballgruppa i Haugen idrettslag og held eit opplegg på sandbana. Også fotball er noko av det som står på programmet.

– Nytt i år er eit spennande songprosjekt med ein ny sommarsong i samarbeid med Aleks Grey. Songprosjektet er frivillig. Vi kjem til å sette av ein time til øving kvar morgon. Ein skal øve inn songen, lage musikkvideo, og spele inn songen på Gymmen på Nordfjordeid. Siste campveka skal songen framførast. Vi har dyktige folk til å hjelpe oss. Siste veka vert det også besøk på Nave hjortefarm, Refviksanden og båttur, fortel campsjefen.

Camp Adventures

På Camp Aventures vert det gjort ei endring i år.

– Vi skal drifte det åleine, og har to ulike tema: skog og fjell, og elv og vatn. Det vert både rappellering og skyting på Espe skytebane, seier Haugen. Han lovar mange spennande aktivitetar i løpet av desse sommarvekene.

I år har Camp Adventures same pris som sommarcampen, og dei har gjort endringr på rabattordninga.